Velour-overall. Overall med glidelås, lommer og stjerneaplikasjonar. Stoff er stretch chenille / velour frå Stoff og Stil, og interlock frå CeTho i hals, ermar og som strekk nede.
Denne buksa er veldig god og mjuk, og kler absolutt ein überkul gut eller ei überkul jente ;-)
"Forklekjole/tunika" strikka i Anchor Magicline, 100 % bomull. Finvask 40 grader. Str 3/4 år. Hedda på 1 1/2 måtte prøve den på, slik at de ser korleis den skal vere. Ein smule stor til ho da, med andre ord;0) Veldig tøft over dongeribukse feks.
Lillesøsterkjole, strikka i tråden Kauni, 100 % ull. Finvask/ullvask 30 grader. Strikka i str 6 mnd, men veldig stor i str. Kan også brukast som vest til større barn.